Problemløsing og saksforberedelse
Målgruppe: Medlemmer og tillitsvalgte i staten og virksomheter i Spekter.
I arbeidslivet må me forhalde oss til ei rekke med lover, forskrifter, avtalar og andre reglar. Tillitsvalte har generelt god kompetanse på dette feltet. LO Stat tilbyr også ei rekke kurs for å styrke deltakarane sine kunnskapar om lov- og avtaleverket, slik at dei finn riktig løysing på dei sakene dei skal behandle. Det er likevel ikkje alle saker som har ei løysing med to strekar under svaret.
Ofte fins fleire mulige løysingar som kvar for seg har både fordelar og ulemper. For å finne den løysinga med flest fordelar og minst ulempar held det difor ikkje berre å sjekke lov- og avtalar. Me må gå grundigare til verks.
I dette kurset har me samla nokre verktøy som kan hjelpe deg å sjå på saker i ulike perspektiv, før du systematisk arbeidar deg fram mot ein eller fleire mulige løysingar.
Innledere: Lars Buenget Børseth og Vidar-Lorang Larsen, LO Stat.
Påmelding innan 10. april 2024. Velkommen til kurs i LO Stat.