– Urimelig renteauke for statstilsette
Renta for lån i Statens pensjonskasse (SPK) aukar igjen. NTL og LO Stat misliker at regjeringa reduserer godene til dei statstilsette.
Frå 1. mars aukar renta for dei som har bustadlån i Statens pensjonskasse (SPK) igjen.
I ei tid der bankane kappast om å kutte sine renter, aukar renta i SPK fra 2,5 til 2,9 prosent. Altså høgare enn kva mange bankar tilbyr som beste rente.
NTL og LO Stat likar ikkje at tariffesta rettar vert uthola med vedtaket i statsbudsjettet.
– Dette er ein urimeleg og uheldig arbeidsgjevarpolitikk. Dette påslaget gjer at staten som arbidsgjevar no i røynda har forteneste på å låne ut til sine tilsette, seier hovudkasserar Anita Busch i NTL, og minnar om at ordninga har vore nærast sjølvfinansierande og med veldig liten risiko for SPK.