Dette kurset gjev deltagerne kunnskap om LO og LO Stat-organisasjonen sin oppbygning.
Deltakarane lærer om samfunns- og fagligpolitiske aktivitetar og trepartssamarbeidet,
mediehandtering og opplysningsverksemd.

Og etter ein reise i fagbevegelsen sin historie, vart det ein hektisk idémyldring for å lage kampanje. Onsdag var deltakarane klar for å spreie «Fagbevegelsen sin viktige bodskap» i Oslo sentrum.

Ein av deltakarane er Geir Inge Teigland frå NTF. Då han søkte på dette kurset, ønska han å lære meir om fagbevegelsen sin plass i samfunnet vårt. Han synes det var interessant å få med historia om korleis fagbevegelsen både har påverka og vore ein viktig del av vår velferd.

- Å lage ein kampanje frå A til Å var veldig lærerikt. Nå ein i tillegg har vore med å lage foldaren som vart delt ut – får ein eit anna eigarforhold til innhaldet, seier han.

Geir Inge synes også det var interessant å observere folk på gata då dei dreiv sjølve kampanje. Han vil anbefale kurset til andre og sjølv jobbe vidare med det han har lært.