12. mars 2020 trykka Erna Solberg og Bent Høie på den store raude knappen. Eit lite virus frå Kina spreidde seg over hele verda. Regjeringa og helsemyndigheitene stengte landet ned. No har det gått eit år, og me står framleis midt i det. Kor forberedt var me sentralt og lokalt? Tok me dei riktige grepa? Er me forberedt på den neste krisa? Det er nokre av spørsmåla me stiller på ei miniutgåve av LO Stat sin tradisjonelle Vardekonferanse, ein møteplass der sikkerheit og beredskap alltid har vore hovudtema.

Innleiarar: Egil André Aas, Are Tomasgard, Kjell Eide, Sjur Lehmann og Ingvard Wilhelmsen.

Påmelding innen: mandag 8. mars 2021.

Program:


09.00-09.10: Velkomen og praktisk info

09.10-09.25: Egil André Aas, leiar i LO Stat
«Sterk stat – vår beste vaksine.»

09.30-10.10: Are Tomasgard, LO-sekretær
«Den norske modellen ein del av beredskapen – også i pandemiar»

10.10-10.15: Beinstrekk

10.15-10.45: Kjell Eide, ordførar Hyllestad Kommune
«Beredskap og støtte»

10.45-10.55: Pause

10.55-11.25: Sjur Lehmann, Fylkeslege Vestland
«Korleis har fylket jobba for å stagge pandemien. Korleis fungerte beredskapen og kva bør gjerast annleis til ein annan gong»

11.30-12.00: Ingvard Wilhelmsen, professor emeritus, UiB
«Livet er et usikkert prosjekt»