- (13. november)
- (14. november)
Vardekonferanse 2024
Målgruppe: medlemmer og tillitsvalte i stat og Spekter i Vestland.
Innhald: Årets Vardekonferanse vert i år på Scandic Voss i tida 13.-14. november 2024. Tema er; "LO-medlem i ei uroleg tid. Kva betyr dette for deg og oss?". Tema under denne konferansen vil vere; forsvar, endringar i Norden, nasjonal sikkerhetsmyndighet og beredskap i offentleg sektor.
Det vil også i år bli fleire spennande innleiarar frå blant anna Forsvaret, NATO, PST, Helse Bergen, NAV med fleire. Konferansen er gratis - men me har bindande påmelding grunna tinging av måltider og hotellrom.
Konferansen vert lagt til Voss og det vert forventa at ein brukar billigast reisemåte som tog eller buss. Det vert ikkje bestilt togbillettar, så ein lyt leggje ut for dette sjølv og skrive reiserekning i etterkant. Dersom andre reisemåtar er naudsynt, som bil, lyt dette avtalast med distriktssekretæren på førehand. Konferansen avsluttes med lunsj kl 12.45 - 13.45.
Program Vardekonferanse 2024 (PDF, 59KB)
Påmelding: innan 1. oktober 2024.
Velkommen til kurs i LO Stat.
Kurset gir rett til permisjon etter hovedavtalen i Spekter hhv §52 og §26 og hovedavtalen i staten hhv §38 og §39.