Årets Vardekonferanse vert i år på Scandic Voss i tida 27.-28. oktober 2021.
Tema i år er; Koronaepedemi og beredskap – Offentleg sektor og LO si rolle i krisa.

Det vil også i år bli fleire spennande innleiarar frå FHI, Fengsel, NAV, Helse Bergen, politikarar, sentrale personar innan LO og fylkeskommunen. Konferansen er gratis, men me har bindande påmelding grunna tinging av lunsj og hotellrom.

Konferansen er lagt til Voss og det vert forventa at ein brukar billigaste reisemåte som tog eller buss. Det vert ikkje bestilt togbillettar, så ein lyt leggje ut sjølve og skrive reiserekning i etterkant. Dersom andre reisemåtar er naudsynt, som bil, lyt dette avtalast med distriktssekretæren på førehand.

Konferansen gjer rett til permisjon, jf. Hovedavtalen i Staten §39 (tillitsvalte) og §40 (medlemmer) og Hovedavtalen i Spekter §52 (tillitsvalte) og §26 (medlemmar). 
Du må sjølv søkje om permisjon.

Velkomen til kurs i LO Stat Vestland.