Pålogging: Du vil få tilsendt ei lenke til Teams i forkant av konferansen samt informasjon og program.

Det siste året har bruken av heimekontor fått ein annan betydning enn før pandemien. Å ha heimekontor kan ha både positive og negative konsekvensar. På desse tre timane skal Nordbø innom fleire aktuelle tema som berører vår evne til å overleve, leve og levere – både som tilsett, kollega og som eit familiemedlem/åleinebuande med base i eigen husstand.

Innleiar: Håvard Nordbø. Nordbø har bakgrunn frå politiet og som tillitsvalt, og har utdanning innan risiko og krisehandtering, kommunikasjon og førebygging.