Det vert fleire spennande innleiarar som forskar, politikarar og sentrale personar innan LO. Konferansen er gratis, men me har bindande påmelding grunna tinging av lunsj og hotellrom.
Konferansen er lagt til Voss og det vert forventa at ein brukar billigast reisemåte som tog eller buss. Det vert ikkje bestilt togbillettar, så ein lyt leggje ut sjølv og skrive reiserekning i etterkant. Dersom andre reisemåtar er naudsynt, som bil, lyt dette avtalast med distriktssekretæren på førehand.
Påmelding til LO Stat Hordaland og Sogn og Fjordane innan 13. september