Hurtiglenker

Søk

Du er her:

Vardekonferansen 2018

Årets Vardekonferanse vert i år på Park Hotel Vossevangen i dagene 24. og 25. oktober. Tema er: Fagorganisert – kva betyr dette for meg og samfunnet? Me vil setje søkjelys på kor viktig fagbevegelsen er i det norske samfunnet og vårt velferdssamfunn.

Det vert fleire spennande innleiarar som forskar, politikarar og sentrale personar innan LO. Konferansen er gratis, men me har bindande påmelding grunna tinging av lunsj og hotellrom.

Konferansen er lagt til Voss og det vert forventa at ein brukar billigast reisemåte som tog eller buss. Det vert ikkje bestilt togbillettar, så ein lyt leggje ut sjølv og skrive reiserekning i etterkant. Dersom andre reisemåtar er naudsynt, som bil, lyt dette avtalast med distriktssekretæren på førehand.

Påmelding til LO Stat Hordaland og Sogn og Fjordane innan 13. september

 

LO Stat
Møllergata 10
0179 Oslo

Telefon: 23 06 83 00

lostat@lostat.no

 

 

Innhold:
Stein Erik Syrstad
stein.syrstad@lostat.no

Teknisk:
Heidi Kvalø Engelund
heidi@lomedia.no