Formålet med grunnkurset, er å gje tillitsvalte og medlemmar kunnskap om viktige lover og avtalar i Staten.

To av deltakarane; Monica O. Henriksen frå Bufetat og Kjetil Larsen frå NAV, slår fast at dei har hatt godt utbytte av kurset.

Kjetil seier at sjølv om kurset går over 5 dagar og det er lange dagar, er det viktig å bruke denne tida for å kunne lære og forstå dette avtaleverket.

Monica meiner at å lære om samanhengen mellom lover og avtaler er viktig for vervet som tillitsvalt og vere trygg i denne rolla.

Begge seier at det som er mest positivt i tillegg til læring, er utveksling av erfaring blant alle som deltar på kurset. Her er det tillitsvalte frå Forsvaret, Bufetat, fengsel og Statens Vegvesen for å nemne nokon av dei. Kjetil seier at han opplever at dei fleste er i omstilling og at det har vert ei lærerik erfaringsutveksling desse dagane.

Begge vil reise heim med betre innblikk i avtaleverk, nyttig erfaringsutveksling som dei kan nytta i sine verv og nye venner.

Her kan du lese meir om LO Stat sin kursverksemd

KURSDELTAKARAR: Monica O. Henriksen frå Bufetat og Kjetil Larsen frå NAV